Saltsump

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Atlanterhavssaltsump i Connecticut.
Saltsump ved lågvatn, høgvatn og ekstremt høgt vatn.

Salt myr eller saltsump er eit våtmarksområde med høg salinitet. Slike myrer blir ofte danna av brakkvatn i kystområde og elvedelta, der dei gjerne blir oversvømde av tidvatn med jamne mellomrom. Dei kan også oppstå i innlandet gjennom høg fordamping.

I saltmyrer veks hovudsakleg salttolerante vekstar (halofyttar) som urter, gras eller låge buskar.[1] Salte våtmarker spelar ei viktig rolle i den akvatiske næringskjeda og overføring av næringsstoff til kystvatn. Dei kan også verna kysten og vera viktige habitat for landlevande dyr.[2]

Saltsumper kan vera sårbare mot utslepp frå industri eller landbruk, og mot tilføring av varme når til dømes ei elv har vore brukt som kjølar i kraftverk eller fabrikkar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Saltsump

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Adam, P (1990). Saltmarsh Ecology. Cambridge University Press. New York. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. Woodroffe, CD (2002). Coasts: form, process and evolution. Cambridge University Press. New York. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
Spire Denne geografiartikkelen som har med biologi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.