Salve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå namnet Salve.
Lanolinsalve frå ei tube.

Salve (medisinsk latin unguentum) er eit legemiddel eller ei form for kosmetikk ein bruker utanpå kroppen ved å breia han utover huda. Salvar er halvfaste ved romtemperatur og blir gjerne mjukare etter påføring. Dei er som regel danna av eit salvegrunnlag, t.d. feitt, og eitt eller fleire legemiddel som kroppen skal ta opp. Ein kan framstilla salver i mortar eller ved hjelp av salvemølle.

Ein særs blaut salvetype er krem, cremor, som ofte er ein vasshaldig emulsjon. Pasta er derimot ein fastare salve med høvesvis store mengder faste stoff i seg.

Vanlege legemiddel i salvar er til dømes sinkoksid, svovel, tjørepreparat, antibiotika, antiseptika, fungicid og kortikosteroidar. Salvegrunnlaget kan vera eitt stoff eller ei blanding av fleire, til dømes faste feittstoff, feite oljer, voks, vaselin, vassfritt lanolin eller vasslauselege stoff.

I tillegg til medisinsk bruk blir salvar også brukt kosmetisk og seremonielt, som ved salving av kongar eller ved mumifisering.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«salve – legemiddel» i Store norske leksikon, snl.no.