Sammale kveitemjøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sammale kveitemjøl

Sammale kveitemjøl er eit mjølslag av kornslaget kveite med høg utmalingsgrad — det vil seie at mjølet inneheld det meste av kornet, inkludert kliet (skalet) av kornet. Sammale kveitemjøl kan brukast på om lag same vis som kveitemjøl av lågare utmalingsgrad og er meir næringsrikt. Den viktigaste praktiske skilnaden mellom sammale og sikta kveitemjøl er at det sammalne mjølet har noko dårlegare bakeevne på grunn av lågare gluteninnhald.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]