Saturnalia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Saturnalia var ei romersk feiring av vintersolvendinga, og var til ære for haustguden Saturnus. Festen vart halden over ei veke, frå 17. til 23. desember, og var ei livat og drukken feiring, der sosiale klassar vart snudde opp ned. Slavar fekk høge stillingar og meistrane deira måtte gjera som dei sa.

Romarane gav kvarandre gjerne gåver under denne festen, gjerne i sølv, men det var òg vanleg å gje andre gjenstandar. Etter diktaren Martial har me til dømes fleire epigram forma som gåter om matgåver.

Det har vorte hevda at dei kristne i det fjerde hundreåret la fødselsdagen til Jesus, og dermed jula, til 25. desember fordi dagen allereie var ei heidensk høgtid. Slik kunne dei gjera folket kriste utan å ta vekk ei populær festtid. Saturnalia har i alle fall sett spor både i julefeiringa og i den mellomalderske tradisjonen med Narrefesten.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!