Scatterometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Scatterometer er eit instrument for å måle vind på havoverflata frå satellitt.

Eit scatterometer er ein radar som sender ut eit mikrobølgje-radiosignal som vert spreidd tilbake frå jordoverflata. Signal som treffer havoverflata, vert spreidd attende ved såkalla Bragg-resonans, der den returnerte signalstyrken er avhengig av krusingane på havoverflata. Dette gjer det mogeleg å rekne ut kor kraftig vinden er rett over over havoverflata. For å kunne rekne ut både vindstyrke og retning sender instrumentet ut signaler mot havoverflata i fleire retningar.

Vindobservasjonar frå satellittborne scatterometer vert nytta i vêrvarsling, og dei er viktige fordi dei gjev informasjon frå store havområde der det ikkje finst andre vindobservasjonar. Scatterometer kan òg gje informasjon om dekke av sjøis og istype, og dessuten informasjon fukt på bakken over landområde.

Satellittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«scatterometer» i Store norske leksikon, snl.no.