Segment i matematikk
Segment er i matematikk eit kurvesegment som er definert i plangeometrien som den delen av planet som er avgrensa av ei kurve og éin av kordane til kurva. Som oftast er kurva ein sirkel. I rommet kan eit flatesegment definerast på tilsvarande måte, som den delen av rommet som eit plan avskjer av ei flate, til dømes ei kule.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- segment. (2011-10-19) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/segment/matematikk