Seiliger-Sabathé-syklusen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trykk-volum-diagramm for Seiliger-Sabathé-syklusen.

Seiliger-Sabathé-syklusen er ein termodynamisk syklus der forbrenninga foregår som ein kombinasjon av ein isometrisk prosess og ein isobar prosess. Seiliger-Sabathé-syklusen kan difor sjåast på som ein mellomting mellom Beau de Rochas-syklusen, der forbrenninga føregår som ein isometrisk prosess, og dieselsyklusen, der førbrenninga føregår som ein isobar prosess. Prosessen vart førelegen av Myron Seiliger i 1922 og Sabathé.

Praktiske diesel og glødehovudmotorar arbeider etter Seiliger-Sabathé-syklusen.

Prosessar i syklusen[endre | endre wikiteksten]

Seiliger-Sabathé-syklusen har fem delprosessar:

  • (1 - 2) isentrop prosess - kompression av luft-gassblandinga (mekanisk energi vert tilført).
  • (2 - 3) isometrisk prosess - termisk energi vert tilført frå forbrenning av drivstoff, under konstant volum, og trykket i sylinderen aukar.
  • (3 - 4) isobar prosess - termisk energi vert tilført frå forbrenning av drivstoff, under konstant trykk, trykket set stempet i rørsle og energi vert levert til omgjevnadane i form av mekanisk arbeid.
  • (4 - 5) isometrisk prosess - trykket held fram med å driva stempet framover i sylinderen og energi vert levert til omgjevnadane i form av mekanisk arbeid.
  • (5 - 1) isentrop prosess - trykkfall, under konstant volum, når eksosen vert sleppt at av sylinderen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]