Selskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit selskap er ei samanslutning som er eigd av fysiske eller juridiske personar og rår over formue. Det er normalt også eit krav at selskapet driv på med noko. Vanlegvis vil dette vere av økonomisk art, men dette er ikkje eit absolutt vilkår. Ein skil normalt mellom selskap og sjølveigande institusjonar (stiftelse). Definisjonen på eit selskap vil variere ut frå kva slags selskap det er snakk om.

Sjølve selskapet er ein juridisk person, noko som inneber at det kan ha sjølvstendige rettar og pliktar uavhengig av sine eigarar. Selskapet kan mellom anna vere part i kontraktar, og det kan reise og motta søksmål ved domstolane.

Ansvarsforholdet for eigarane varierer ut frå kva selskapsform som er vald. I ansvarleg selskap svarar eigarane for risikoen ved drifta med alt dei eig, eller etter eigardel i det ansvarlege selskapet. I det siste tilfellet blir det kalla eit selskap med delt ansvar DA. I eit aksjeselskap svarar eigarane eller eigaren berre for den innskotne aksjekapitalen.

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.