Sentralbank

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein sentralbank (nasjonalbank) er ein institusjon som gjennomfører pengepolitikken i eit land eller ein region.

Dei fleste landa i verda har ein sentralbank. Sentralbanken i Noreg heiter Noregs bank. Land som er i ein monetær union (felles valuta) har felles sentralbank. Eit døme på dette er Den europeiske sentralbanken, som er sentralbank for den Økonomiske og Monetære Unionen (ØMU) i EU. Andre døme er Sentralbanken for dei sentralafrikanske statane og Sentralbanken for dei vestafrikanske statane.

Kor stor makt sentralbanken har til sjølv å utforme retningslinene for pengepolitikken varierer. Til dømes utfører Noregs bank pengepolitikken på bakgrunn av eit mandat fastsett av regjeringa. Andre sentralbankar er meir uavhengige og opererer under reglar som hindrar eller sterkt reduserer innflytnaden frå parlamentet eller regjeringa. Døme på slike er US Federal Reserve (USA), Bank of England og Den europeiske sentralbanken.

Rentestyring[endre | endre wikiteksten]

Sentralbanken fastset ei styringsrente som han brukar når han låner ut pengar til andre bankar. Renta vert justert for å oppnå ulike politiske og/ eller økonomiske målsetjingar. Typiske mål kan vera:

Den norske sentralbanken styrer i dag først og fremst etter ei målsetjing om låg inflasjon.

Andre arbeidsoppgåver[endre | endre wikiteksten]

  • Utferde, kontrollere og trekkje tilbake lokal valuta
  • Produsere og distribuere økonomisk statistikk
  • Overvåke banknæringa, forvalte regelverket som regulerer banknæringa
  • Vera bankane sin bank og regjeringa sin bank
  • Vokte og forvalte landet sine valutareservar og gullreservar
  • Sørgje for at betalingssystemet i landet fungerer godt
  • Vera långjevar i siste instans

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sveriges Riksbank blir rekna for å vera verdas eldste sentralbank (1668), etterfølgt av Bank of England (1694).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]