Sentromer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
To systerkromosom, med sentromeren merkt nummer 2

Sentromerar er område på kromosom som er med på å styra kromosoma ved selledeling (meiose og mitose). Sentromerar bind til seg kinetokorar som vidare bind seg til mikrotubuli frå mitotisk eller meiosisk spindel. Dette gjer det mogeleg å skilja systerkromosoma frå kvarandre.

Sentromerar og kinetokorar som ikkje verkar som dei skal kan føra til tap av genomisk informasjon ved at systerkromosoma ikkje rører seg ved selledeling. Kopiar av kromosomet vil då mangla i sellekjernen til barnesellene, slik at desse saknar den genetiske informasjonen som kromosomet ber på. Dette kan føra til sjukdom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«sentromer» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 19. november 2016.