Simon Singh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Singh i 2009

Simon Singh (fødd 1. januar 1964) er ein britisk fysikar og forfattar. I 1995 laga han ein dokumentar for BBC om matematikaren Pierre Fermat og satsen hans, den såkalla Fermats store sats, som opptok matematikarar i fleire hundreår før han vart bevist av Andrew Wiles i 1995. Singh skreiv så ei bok om dette temaet, Fermat's Enigma (på norsk Fermats siste sats, 1998), som vart ein internasjonal bestseljar.

1999 gav Singh ut ein ny matematisk bestseljar, The Code Book (norsk Koder, 2000), som tar for seg historia til kryptografien, frå det gamle Egypt til moderne kryptografi, og forklarer dei mest kjende og vellukka metodane for å «knekke» hemmelege kodar. Boka inneheld òg ei utfordring til lesarane, nemleg 10 kodar som skal knekkast. Forfattaren og forlaget lovde ein premie på 10 000 pund til den første som klarte å løyse alle oppgåvene. I oktober 2000 greidde ei gruppe svenske datateknikarar å knekke den tiande og siste koden, og vann dermed premien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]