Singulær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Singulær i matematikk er eit omgrep som fell utanfor dei vanlege reglane. Singulære løysingar av differensiallikningar er løysingar som ikkje har den vanlege forma. Eit singulært punkt eller ein singularitet på ei kurve er punkt med spesielle eigenskapar, til dømes dobbeltpunkt, spissar, isolerte punkt, vendepunkt osv.

Ein singularitet for ein funksjon er eit punkt der funksjonen ikkje er analytisk.

Til dømes har funksjonen

 f(x)=\frac{1}{x}

på den reelle linja ein singularitet ved x = 0, der løysinga ser ut til å «eksplodere» til ±∞ og ikkje er definert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]