Sisít

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
To ulike typar ṣiṣijjót: Øvst ser vi ein askenasisk ṣiṣít med 7+8+11+13 viklingar. Nedst ser vi ein typisk sefardisk ṣiṣít med 10+5+6+5 viklingar med ein ekstra knute i kvart omfar. I tillegg har den nedste ṣiṣíten tekhélet (ein blå tråd).

Ein sisít (hebr. צִיצִת el. צִיצִית [ṣīṣīt]; fleirtal sisijót), òg skrive tsitsit og tzitzis, er ei hjørnefrynse på ein jødisk tallét (bønesjal).

Tekhélet[endre | endre wikiteksten]

Fram til 800-talet hadde sisijót, som generelt er kvite, éin tråd farga med det blåe fargestoffet tekhélet. Etter den tid er tilverkingsmåten for tekhélet vorten gløymd, og rabbanittisk jødedom meiner at ein ikkje kan bruke andre fargestoff for blåfargen i sisijót enn den originale tekhélet. Det er derfor vanlegast i nyare tid å sjå einsfarga kvite sisijót. Etter karaittisk jødedom kan kva blått fargestoff som helst som er lys- og vaskeekte bli bruka til tekhélet. To mindre grupper av rabbanittiske jødar brukar i dag tekhélet i sine sisijót, men båe dei to variantane er sterkt omstridde.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]