Siv Ellen Kraft
Siv Ellen Kraft | |||
Fødd | 28. august 1967 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Institusjonar | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
Alma mater | Universitetet i Bergen |
Siv Ellen Kraft (fødd 28. august 1967) er ein norsk religionshistorikar og spesialist på nyreligiøsitet og samtidsreligion. Ho er professor ved Institutt for historie og religionsvitskap ved Universitetet i Tromsø
Siv Ellen Kraft tok i 1993 hovudfag i religionsvitskap ved Universitetet i Bergen om Teosofisk Samfunn i Norge. En samtidssanalyse. Ho var frå 1995 til 1998 doktorgradsstipendiat og disputerte i oktober 1999 med avhandlinga The Sex Problem. Political Aspects of Gender Discourse in the Theosophical Society, 1875 - 1930. Frå februar 1999 til desember 2000 var ho førstelektor ved seksjon for religionsvitskap i Bergen, og vart frå januar 2001 tilsett som førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø. Ho fekk opprykk til som professor frå 2011.[1]
Saman med Bjørn Ola Tafjord var ho ansvarleg redaktør for DIN Tidsskrift for religion og kultur.[2]
Ho var i 2011 fagleg leiar for forskarskulen CEPIN.
Han vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi (2020).
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ uit.no Biografiside ved Universitetet i Tromsø[daud lenkje]
- ↑ DIN Tidsskrift for religion og kultur, arkivert frå originalen 5. januar 2012, henta 2. april 2017
- Denne artikkelen bygger på «Siv Ellen Kraft» frå Wikipedia på bokmål, den 2. april 2017.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Publikasjonar av Siv Ellen Kraft i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin