Sjanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sjanger, òg skrive genre (som ein uttalar sjanger på norsk, frå fransk, med opphav i latinsk genus, 'ætt' eller 'art') et eit omgrep for grupperingar av biletkunst og skulptur, litterære verk, musikkverk, film og andre kunstnariske uttrykk og presentasjonar etter kjenneteikn som til dømes stil, språk, innhald (tematikk), komposisjonsform, presentasjonsform og sosial samanheng. Verk innan ein sjanger følgjer gjerne særskilde normer og konvensjonar som ein kallar sjangerkrav.[1]

Omgrepet er viktig innan litteraturteori og medieteori. Ein kan identifisera sjangrar ut frå likskapar, gje dei namn og gruppera dei i «familiar» av liknande sjangrar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Svennevig, Jan (17. januar 2019). «sjanger». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Helge Ridderstrøm (2006), Hva er en sjanger?, hio.no, arkivert frå originalen 30. september 2007, henta 23. september 2007 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.