Skalmeie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Renessanseskalmeier (sopranino og sopran - rekonstruksjonar)

Skalmeie er eit treblåseinstrument med dobbelt røyrblad eller eit klemt sylindrisk røyrblad og konisk røyr. På det meste har han sju hòl på oversida og det kan òg vere eit hòl for venstre tommelfinger. Klangen er særs høg, skarp og - spesielt for dei låge tonane - nasal. Toneomfanget er 1½-2 oktavar. Ved hjelp av gaffelgrep kan ein spele kromatisk med unnatak av halvtonen over den djupaste tonen.

Kvinne med bass-skalmeie (Tobias Stimmer ca 1500)
Skalmeier, Syntagma musicum

Skalmeien stammar frå den orientalske zurna, og dukka opp i Europa i mellomalderen. I renessansen vart han bygd i c/f-stemming med omfanga piccolo, sopranino, sopran, alt, tenor og bass. Bass-skalmeien er lite handterleg og krev særs mykje luft. Skalmeien er igjen vorte bygd og spela frå midten av 1900-talet. Han blir brukt under framføring av mellomalder- og renessansemusikk, av folkemusikarar og i moderne musikk.

Skalmeien var utgangspunktet då barokkoboen vart konstruert i musikkmiljøet rundt det franske hoffet på midten av 1600-talet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Zurna – forløparen, ofte med sylindrisk røyrblad
  • Bombarde – særs lik skalmeie
  • Barokkobo – ei vidareutvikling med dobbelt røyrblad

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]