Skimmel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skimmel hoppe med føl. Ein kan sjå anlegg til skimmel farge kring mule og auge hos følet.

Skimmel er ein farge hos hest. Ein avbleikbar skimmel eller gråskimmel er fødd mørk, men lysnar gradvis med åra. Denne fargen er mellom anna vanleg hos lipizzanar. Ein gråskimmel lysnar for kvar hårfelling. Hesten er oftast heilt kvit i tiårsalderen, sjølv om dette kan variere. Pigmenta i huda lysnar ikkje. Ein konstantskimmel er ein hest som har skimla kropp, men heilfarga hovud, bein, man og hale. Ein kostantskimmel lysnar ikkje med tida, men kan endre farge etter årstidene alt etter om det er dekkhår eller underull som kjem klårast fram. Ein konstantskimmel kan vere raudskimmel, brunskimmel eller svartskimmel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Store norske leksikon om fargen skimmel

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.