Skjold-klasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
KNM Skjold på tokt

Skjold-klassen er den siste generasjonen av norske MTB-ar (missiltorpetobåtar). Desse fartøya er under konstruksjon ved Umoe Mandal. Fartøya er luftputekatamaranar, og vil ha ein låg radarprofil. Prototypen til denne klassen er KNM «Skjold» som vart sjøsett i 1999. KNM «Skjold» er under utprøving og utvikling. Den vart óg testa ut av den amerikanske marinen i eitt år. KNM Skjold og Skjold-klassen er rekna for å vere verdas raskaste krigsskip.

Fakta:

Vassfortrenging (deplasement): 273 tonn

Lengd: 47,5 meter

Breidd: 13,5 meter

Maksfart: 60 knop

Besetning: 16

Våpen: 8 NSM-missil, OTO Melara 76mm SR-kanon, Mistral luftvermissil, 12,7mm mitraljøse.

Sensorar: Thales MRR-3D-NG varslingsradar, SAABTech Ceros 200 opplysarradar, EDO CS-3701 ESM (radar søkemottakar), Sagem Vigy 20 EO-sensor.

Kommando- og kontrollsystem: DCN/KDA Senit 2000, NORCCIS II

Datalinkar: Link 11 og link 16.

Tidspunkt for kommandoheis:

P961 KNM Storm: april 2008

P962 KNM Skudd: august 2008

P963 KNM Steil: desember 2008

P964 KNM Glimt: april 2009

P965 KNM Gnist: juni 2009

P960 KNM Skjold: september 2009

KNM Skjold vil etter ei skipsteknisk ombygging bli overlevert Marinen våren 2006 og vil segle i to år før ho går tilbake til Umoe Mandal for integrasjon av våpensystemet. KNM Skjold vil i dei to åra ho seglast av Marinen bli nytta til ytterlegare utprøving og testing, samt opplæring av personell for manning av seriefartøya.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding faktaboksen Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.