Smash!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Smash! er ein sjokolade som Nidar AS lagar og distribuerer. Produktet vart introdusert for første gong i 1988.

Smash! er laga av salte, kjegleforma maiskjerner som er dekte med mjølkesjokolade.

I ein bolk på 1990-talet vart namnet Smash! bytt ut med «Maize Snacks», men det vart bytt tilbake i 1998. Ein ny variant av Smash!, som hadde paprikasmak og raud emballasje, vart introdusert i 2003. Produktet vart fjerna i 2005 grunna at det skilte seg for lite frå den opphavlege varianten av Smash!.

Smash! -serien[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg har Smash! berre vore selt i pose, men serien har fått nye tilskot opp gjennom åra. «Smash! bar» vart introdusert i 2006, og «Smash! sjokoladeplate» kom i sal i 2009.

  • Smash! XXL-pose (345 gram)
  • Smash! -pose (230 gram)
  • Smash! -pose (100 gram)
  • Smash! bar (40 gram)
  • Smash! sjokoladeplate

Kjelder[endre | endre wikiteksten]