Sosialdemokrat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein sosialdemokrat er historisk sett ein tilhengar av demokratisk sosialisme, som i nokre land blei kalla sosialdemokrati. Det er eigentleg ingen tydingsskilnad mellom nemningane sosialistisk og sosialdemokratisk som partinemningar, da mange sosialdemokratiske parti er medlemmer i den Sosialistiske Internasjonalen ilag med søsterparti som kallar seg sosialistiske. Men i Noreg har det likevel utvikla seg slik at å kalle seg sosialist gir meir radikale assosiasjonar enn å kalle seg sosialdemokrat.

Somme sosialdemokratiske parti har ikkje lenger eit sosialistisk samfunn som mål, og den historiske definisjonen av ordet «sosialdemokrat» som tilhengar av demokratisk sosialisme kan derfor vere misvisande i våre dagar.