Sprøheit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sprøtt brot i glas.

Sprøheit er ein fysisk eigenskap ved eit material. Materialet er sprøtt når det manglar evna til plastisk deformasjon. Det motsette er duktilitet.

Dei fleste metalla lèt seg deformere plastisk, men denne evna er avhengig av temperaturen og deformasjonshastigheita. Stål viser ein overgang frå sprø til duktil oppførsel når temperaturen aukar. Glas og steinar er døme på sprø material.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]