Støvsugar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein støvsugar

Ein støvsugar er ei mekanisk hushaldningsmaskin som vert brukt til å suge opp støv og andre små ting frå golv, møblar, vindaugskarmar, osb. Støvsugaren brukar ei vifte eller ei luftpumpe til å suge luft med støv inn i ein pose som fungerer som eit filter. Det porøse materialet som posen er laga av gjer til at støvet vert liggande att inne i posen mens lufta treng gjennom veggane i posen, gjennom nok eitt, eller fleire, filter for å skilje ut resten av dei aller minste partiklane og ut i rommet igjen.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.