State Peace and Development Council

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

State Peace and Development Council (SPDC) er ein militærjunta som styrer Myanmar (tidlegare Burma) med hard hand. Juntaen vart oppretta i 1988 under namnet State Law and Order Restoration Council (SLORC) etter at det hadde kome til massive demonstrasjonar mot det dåverande regimet, og representerte den formelle overgangen frå sosialiststat til militærdiktatur for Myanmar. Hæren skifta til det noverande namnet i 1997, utan at leiinga eller praksis endra seg. Juntaen er berykta for å drive mellom anna fengsling utan dom, tortur av politiske fangar, massiv overvaking, slave- og straffarbeid,og etnisk-rensingkampanjar mot dei mange minoritetane i Myanmar.