Stifting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stifting er ein organisasjon som eig seg sjølv ved å vere skipa på den måten at ein formue, såkalla grunnkapital, vert stilt til rådvelde for eit fastsett ideelt, humanitært, kulturelt, sosialt, økonomisk, utdanningsmessig eller anna føremål. Ei stifting er ein såkalla juridisk person som har sine eigne sjølvstendige rettar og plikter, og kan take på seg nye pliktar og skaffe seg nye rettar.

Skiparen av ei stifting kan gje formuen til stiftinga i form av ei gåve, ein arv fastsett i eit testamente, eller på ein annan rettsgyldig måte. Etter lova om stiftingar frå 15. juni 2001, Stiftelsesloven, er det skipa ei stifting i alle slike høve sjølv om det har vore nytta nemningar som til dømes legat, institusjon, fond eller anna om stiftinga. Etter at stiftinga er skipa, har ikkje vedkomande som skipa ho nokon råderett over verdiane som vart ført over til stiftinga.

I alle stiftingar skal det vere eit styre og ein revisor, og det skal vere vedtekter som mellom anna gjer greie for namnet på stiftinga og føremålet med ho, korleis styret i stiftinga vert danna og grunnkapitalen i stiftinga.

Det finst to hovudtypar av stiftingar, vanlege stiftingar og næringsdrivande stiftingar. Næringsdrivande stiftingar er slike som har som føremålet sitt å drive næringsverksemd sjølv, som sjølv driv næringsverksemd, eller som i kraft av avtaler eller av di stiftinga eig aksjar eller lutar i selskap som driv næringsverksemd, har avgjerande innverknad på næringsverksemd utanfor sjølve stiftinga.

Eit offentleg stiftingstilsyn, Lotteri- og stiftelsestilsynet, skal føre eit register over stiftingar, og alle stiftingar skal vere registrert her; registreringa gjerast av skiparane av stiftinga ved ei melding til Einingsregisteret i Brønnøysund. Næringsdrivande stiftingar skal dessutan vere registrert i Føretaksregisteret. Stiftingstilsynet skal òg halde tilsyn og kontroll med at stiftingane vert forvalta i samsvar med lovgjevinga og med dei einskilde stiftingane sine eigne føresegner. Tilsynet kan gjere vedtak om å granske skipinga av ei stifting, korleis stiftinga vert forvalta, eller granske nærare spesifiserte tilhøve ved forvaltinga eller rekneskapane til stiftinga. Granskinga kan tilsynet gjere sjølv, eller nemne opp ein eller fleire granskarar til å gjere dette på vegner av tilsynet.

Som hovudregel er det berre stiftingstilsynet som kan endre føremålet eller vedtektene for ei stifting, eller avvikle ei stifting. Likevel kan det i vedtektene for ei stifting stå at styret i stiftinga eller andre kan endre vedtektene, men i slike høve er vedtaka ikkje gyldige før dei er godteke av stiftingstilsynet.

Lova om stiftingar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Knudsen, Gudmund og Geir Woxholth. 2004. Stiftelsesloven med kommentarer. Oslo: Gyldendal akademisk ISBN 82-05-30188-3
  • Kluge advokatfirma. 2011. Stiftelser. Oslo: Den norske revisorforening. ISBN 978-82-7082-305-5