Stratifisert utval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stratifisert utval eller stratifisert utveljing tyder i statistikk ei sannsynsutveljing som føreset at einingane i universet vert delt inn i kategoriar (såkalla stratum) etter kva verdi dei har på stratifiseringsvariabelen. Dinest vert det trekt einingar separat frå kvart stratum til utvalet.

Viss frekvensen til alle stratum er omtrent like godt representert i utvalet som i universet, er utvalet proporsjonalt. Dersom minst eit stratum er overrepresentert i utvalet i høve til universet er utvalet disproporsjonalt. Disproporsjonalt stratifisert utveljing vert gjerne brukt for å sikra tilstrekkeleg sterk representasjon i utvalet av ein kategori som forskaren er særleg oppteken av å undersøkja, og som er sjeldan i det teoretiske universet.

Stratifisert utval i praksis[endre | endre wikiteksten]

Dersom ein skal gjera ei marknadsundersøking om kvar nøgd Tesla-bileigarar er med bilen sin kan til dømes halvparten av dei personane ein ynskjer å intervjua i undersøkinga vera eigarar av ein Tesla, medan den andre halvparten er eigarar av andre bilmerke. Intervjuobjekta med eit anna bilmerke vert då brukt for å ha eit samanlikningsgrunnlag. Utvalet er disproporsjonalt, då ikkje 50 % av folkesetnaden (universet) eig ein Tesla. Ved å stratifisera utvalet kan ein samanlikna kvar nøgd Tesla-eigarane er i høve til dei som eig andre bilmerke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]