Strung Up av Sweet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strung Up
Samlealbum av Sweet
Utgjeve November 1975
Innspelt 1973 - 1975
Sjanger Glamrock, hardrock
Lengd 74:16
Selskap RCA
Produsent Sweet
Sweet-kronologi 
The Sweet Singles Album
(1975)
Strung Up Give Us a Wink
(1976)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]

Strung Up er eit dobbeltalbum frå 1975 av det engelske glamrockbandet Sweet gjeve ut av RCA Records i 1975. Den første plata inneheld sju konsertopptak frå ein konsert i Rainbow Theatre i London den 21. desember 1973. Den andre plata inneheld ti utvalde songar spelte inn sidan 1973, inkludert tre songar som ikkje var komen ut på noko album tidlegare («Burn On the Flame» og «Miss Demeanour»), men berre ein av dei («I Wanna Be Committed») var heilt ny. Albumet inneheld òg ein unik miks av «Action» som avsluttar brått og ikkje har det siste ekkoet ein kan høyre på den kortare singelutgåva og den lengre utgåva på albumet Give Us a Wink.

Strung Up vart ikkje opphavleg gjeve ut i USA. I Japan kom det ut på Capitol Records med tittelen Anthology. I Italia vart det gjeve ut som to separate album, der studiosamlinga vart kalla Strung Up (utgjeve 1975) og konsertalbumet vart kalla Live In England (1976).

Fram til Sony/RCA gav ut albumet 2016, var albumet berre komen på CD i USA i 1997 på Chinebridge Records og i Japan (som Anthology). Desse utgjevingane inkluderte den vanlege albumversjonen av «Action». I 1999 gav RCA ut ein CD kalla Live at the Rainbow 1973 som inneheld heile konserten frå originalalbumet. Denne utgåva er derimot i mono, medan den forkorta utgåva på Strung Up er i stereo.

I 2016 kom albumet ut med alle dei originale songane i tillegg til «Ballroom Blitz», «Teenage Rampage» og «Blockbuster» på konsertdelen og «The Lies in Your Eyes», «Fever of Love», «Teenage Rampage», «Hell Raiser» og ein forlenga versjon av «I Wanna Be Committed» på studioplata. Konsertspora på denne utgåva er henta frå monoinnspelinga, og ingen av stereomiksane vart nytta.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Brian Connolly, Steve Priest, Andy Scott og Mick Tucker, utanom der andre er nemnde.

Konsertalbum: Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Hellraiser»Nicky Chinn, Mike Chapman3:51
2.«Burning»/«Someone Else Will» 5:41
3.«Rock 'n' Roll Disgrace» 4:08
4.«Need a Lot of Lovin'» 2:52
Total lengd:16:32
Konsertalbum: Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Done Me Wrong Alright» 8:06
6.«You're Not Wrong for Lovin' Me» 3:10
7.«The Man with the Golden Arm»Elmer Bernstein, Sylvia Fine7:50
Total lengd:19:06
Samlealbum: Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Action» 3:35 [3:43 på CD]
2.«Fox on the Run» 3:22
3.«Set Me Free»Scott3:56
4.«Miss Demeanour» 3:26
5.«Ballroom Blitz»Chinn, Chapman4:00
Total lengd:18:26
Samlealbum: Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Burn on the Flame» 3:34
7.«Solid Gold Brass» 5:27
8.«The Six Teens»Chinn, Chapman3:58
9.«I Wanna Be Committed»Chinn, Chapman4:01
10.«Blockbuster»Chinn, Chapman3:12
Total lengd:20:11

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Thompson, Dave. «Review: Strung Up». Rovi Corporation. Henta 2. oktober 2021.