Studio Foglio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Foglio på Gen Con Indy 2007.

Studio Foglio er eit amerikansk teikneserie-studio, stifta og drive av Phil og Kaja Foglio.

I 1990 åra møtte og gifta Phil Foglio og Kaja Murphy seg. Seinare grunnla dei Studio Foglio, der dei skapte og gav ut Girl Genius. Grunna ein trong økonomisk situasjon, vart Girl Genius i April 2005 lagt ut som eit gratis tilgjengeleg produkt på nettet, for å kunne verke som eigenreklame for papirutgåva. I November 2005 fortalte Phil Foglio i eit intervju at dei hadde "firedobla talet på lesarar og tredobla salet" av tradisjonelle teikneseriar og liknande produkt. [1]

Studioet har vunne prisar to WCCA-prisar for Girl Genius: «Outstanding Story Concept 2006» og «Outstanding Science Fiction Comic 2007»

Studio Foglio har no gratis tilgjengeleg og jamnlege oppdateringar på nett for Girl Genius, Buck Godot og What's New?

Legg ein saman dei ulike dagane desse tre seriane vert oppdatert, er det ei teikneserieside som vert lagt ut kvar dag. Dette set Studio Foglio i ei særstilling.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]