Symptom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit diagram som visar vanlege symptom ved Aids

Eit symptom er eit avvik frå den normale helsetilstanden til ein pasient, og kan tyda på tilstadeveringa av fysisk eller psykisk sjukdom, liding eller skade. Eit symptom er alltid subjektivt, ei oppfatning hjå pasienten som ikkje kan målast av andre,[1] og skil seg frå sjukdomsteikn (eller teikn), som er objektive observeringar.[2] Til dømes er parestesi eit symptom, og det er berre personen som erfarar det som kan kjenne kilinga, medan erytem er eit sjukdomsteikn, og kven som helst kan sjå at huden er raudare enn vanleg. Symptom og sjukdomsteikn er ofte uspesifikke, men kombinasjonar av dei kan ofte tyde på ein spesifikk diagnose, noko som gjer det enklare å snevre inn kva som er feil. Andre gongar er dei så spesifikke at dei kan reknast for å vere patognomiske.

Omgrepet er stundom nytta om fysiologiske tilstandar utanfor konteksten av sjukdom, som til dømes når ein snakkar om «symptom på graviditet».

Typar[endre | endre wikiteksten]

Symptom kan vere kroniske, residive eller remitterande. Det finst òg asymptomatiske tilstandar, som til dømes subkliniske infeksjonar, og stundom høgt blodtrykk.

Konstitusjonelle eller generelle symptom er dei symptoma som høyrer saman med dei systemiske effektane til sjukdomen, dømesvis feber, sjukdomskjensle, anoreksi og vekttap. Dei rammar heile kroppen i staden for spesifikke organ og områder.

Omgrepet «presenterande symptom» skildrar den opphavlege attleta som førde til at pasienten oppsøkte medisinsk hjelp. Dei symptoma som til slutt førar til ein diagnose vert kalla «kardinalsymptom» eller «hovudsymptom».[3]

Uspesifikke symptom er sjølvrapporterte symptom som ikkje tydar på spesifikke sjukdomsprosessar eller isolerte kroppssystem.[4] Trøyttleik er eit vanleg kjenneteikn ved mange akutte og kroniske tilstandar, det kan vere både fysisk og psykisk, og det kan vere eit primært eller sekundært symptom. Trøyttleik er òg ein vanleg, frisk tilstand som kjem etter slit og arbeid, eller mot slutten av dagen.

Positive og negative[endre | endre wikiteksten]

Når ein skildrar mentale lidingar, spesielt schizofreni, kan symptoma delast inn i positive og negative symptom.[5][6][7][8]

  • Positive symptom er symptom som er tilstades i sjukdomen, men som oftast ikkje vert opplevd av dei fleste individ.[5][9] Det reflekterar ei overflod eller forvrengjing av normale funksjonar, dømesvis ny åtferd som har oppstått i den normale åtferda hjå ein person. Dømer på dette er hallusinasjonar, vrangførestellingar og bisarr åtferd.
  • Negative symptom er funksjonar som vanlegvis finst i friske personar, men som er svekka eller fråverande hjå den som sjukdomsramma.[5][9] Dømer på dette er sosial tilbaketrekking, apati, manglande evne til å føle glede eller manglande merksemdskontroll.

Symptom versus sjukdomsteikn[endre | endre wikiteksten]

Eit symptom kan enkelt definerast som eit kjenneteikn som vert merka av pasienten. Eit sjukdomsteikn vert merka av andre personar. Det er ikkje naudsynlegvis symptomet eller sjukdomsteiknet som definerar det, men kven som observerar det.

Eit kjenneteikn kan vere eit sjukdomsteikn eller eit symptom — eller begge deler — avhengig av observanten. Eit hudutslett kan merkast av helsepersonell som eit teikn, eller av pasienten som eit symptom. Når det vert merka av begge så er det både eit teikn og eit symptom.

Somme kjennetiekn, som til dømes smerte, er alltid symptom fordi dei ikkje kan sjåast direkte av andre personar. Andre kjenneteikn er alltid sjukdomsteikn, som til dømes blodcelletelling, fordi det berre kan sjåast i eit medisinsk laboratorium.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Devroede G (1992). «Constipation—a sign of a disease to be treated surgically, or a symptom to be deciphered as nonverbal communication?». J. Clin. Gastroenterol. 15 (3): 189–91. 
  2. Kåss, Erik (13. februar 2009). «symptom». Store Medisinske Leksikon. Store Medisinske Leksikon. https://sml.snl.no/symptom. Henta 17. desember 2014. 
  3. Kåss, Erik (13. februar 2009). «kardinalsymptom». Store Medisinske Leksikon. Store Medisinske Leksikon. https://sml.snl.no/kardinalsymptom. Henta 17. desember 2014. 
  4. Barexstein, Brynjulf (26. november 2014). «Uspesifikke symptomer». Lommelegen.no. Lommelegen.no. http://www.lommelegen.no/legesvar/uspesifikke-symptomer-1. Henta 17. desember 2014. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Malt, Ulrik (25. november 2014). «schizofreni». Store Medisinske Leksikon. Store Medisinske Leksikon. https://sml.snl.no/schizofreni. Henta 17. desember 2014. 
  6. Malt, Ulrik (13. februar 2009). «negative symptomer». Store Medisinske Leksikon. Store Medisinske Leksikon. https://sml.snl.no/negative_symptomer. Henta 17. desember 2014. 
  7. «Encyclopedia of Mental Disorders: positive symptom». Minddisorders.com. http://www.minddisorders.com/Ob-Ps/Positive-symptoms.html. Henta 17. desember 2012. 
  8. http://www.minddisorders.com/Kau-Nu/Negative-symptoms.html Encyclopedia of Mental Disorders: negative symptom
  9. 9,0 9,1 Understanding Psychosis, Mental Health Illness of Australia.