Systemdynamikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Systemdynamikk er eit sett med konseptuelle verktøy som mogeleggjer forståing av strukturen og dynamikken i komplekse system. Døme på slike system kan vere global folkevekstsutvikling, klimaendringar, store organisasjonar, etc. Eit fokus i systemdynamikk er på feedback eller tilbakekobling i systema og korleis dette kan bryte med intuisjon til den som tar avgjerslene. Modellane blir òg gjerne brukt til å vise korleis svingingar i til dømes pris eller produktivitet, som gjerne vert tilskriven eksterne tilhøve, som børs og lønsoppgjer, eigentleg kan forklarast utor den indre dynamikken til systemet.

Systemdynamikk brukast ofte i utviklinga av formelle datamodellar for simulering av tiltak og langsiktig utvikling i komplekse system. Ut i frå dette vil systemdynamikk kunne oppfattast som eit verktøy for langsiktig læring og testing av strategiar i ein simulert, og såleis risikofri verd. Dette blir ofte omtalt som eit «management flight simulator».

Fagfeltet har opphavet sitt frå MIT i USA, der Jay Forrester vert rekna å vere grunnleggjaren til fagfeltet. Omgrep og verktøy er nærskyldt med ingeniørfaget kontrollteori, òg kalla kybernetikk.

I Noreg tilbydast det ein mastergrad i systemdynamikk ved Universitetet i Bergen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]