Tølt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Islandshest i tølt:Happadís frá Stangarholti

Tølt er ein gangart som islandshesten har i tillegg til skritt, trav, galopp og ofte pass. Tølt var for inntil hundre år sidan ein allment kjend gangart hjå mange hesterasar, og det er framleis nokre individ i andre hesterasar som meistrar tølt. I tølt set hesten eitt bein i bakken om gongen som i skritt, men flyttar lynsnart vekta frå eit bein til det neste slik at hesten «rullar» seg fram. Gangarten blir også kalla flygande skritt. På grunn av den hurtige firetaktsrørsla er denne gangarten svært behageleg for ryttar.

Bakgrunnsstoff [endre]

Norsk Islandshestforening

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.