TV 2 Sport

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

TV 2 Sport er ein norsk sportskanal eigd av TV 2 Zebra, som igjen er eigd av TV 2 og Telenor Broadcast Holding. Innhaldet i TV 2 Sport vert produsert av TV 2 Sporten, med Bjørn Taalesen som redaktør. Kanalen gjekk på lufta den 24. mars 2007 klokka 17.

TV 2 Sport sender berre sport, med fokus på fotball, spesielt Tippeligaen og spansk fotball. Sendeflaten er på 10–12 timar kvar dag. Kanalen er ein betalkanal som kan sjåast av kundar hjå Canal Digital og Riks-TV. Ein kan og sjå kanalen på PC og IPTV gjennom TV 2 Sumo.

Nokre av profilane på TV 2 Sport er Davy Wathne, Mini Jacobsen, Øyvind Alsaker, Nils Johan Semb, Johan Kaggestad og Anita Rapp.

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]