Tararua Range

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
NordøyaNew Zealand med Tararua Range markert i brunt.
Clem Creek renn inn i Waiohine River.
Utsyn frå Mount Holdsworth.


Tararua Range (ofte kalla Tararua Ranges) er ei av fleire fjellkjeder på NordøyaNew Zealand, som dannar eit høgdedrag som går parallelt med austkysten på øya, mellom East Cape og Wellington.

Fjellkjeda er mest markert på den sørlege delen av øya, der ho dannar Rimutaka, Ruahine og Tararua Ranges.

Tararua går i nordaustleg-sørvestleg retning i 80 km frå nærleiken av Palmerston North til dei øvre delane av Hutt Valley, der den nordlege enden til Rimutaka Range byrjar. I nord er fjellkjeda skild frå den sørlege enden til Ruahine Range av Manawatu Gorge.

Den høgaste toppen i Tararuas er Mitre (som ikkje må forvekslast med Mitre Peak), 1570m høg.

Vegar[endre | endre wikiteksten]

Den einaste vegen over fjellkjeda som er open i all slag vêr, er Pahiatua Track mellom Palmerston North og Pahiatua, og som er mykje brukt når vegen gjennom Manawatu Gorge er stengd.

Rekreasjon[endre | endre wikiteksten]

Området er mykje i bruk som turområde for folk frå Wellington, og mellom dei ulike fotturane er den kjende «Southern Crossing» som går frå Otaki Forks i vest, over Mount Hector og endar ved Kaitoke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Tararua Range - frå Te Ara: The Encyclopedia of New Zealand


Koordinatar: 40°46′S 175°23′E

Spire Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.