Wellington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wellington
by
Land  New Zealand
Areal 444 km²
Folketal 216 200 (30. juni 2023)[1]
Kart
Wellington
41°17′20″ S 174°46′38″ E
Wikimedia Commons: Wellington urban area

Wellington (Te Whanganui-a-Tara eller Poneke) er hovudstaden i New Zealand og det nest største bymessige området i landet. Wellington ligg på sørspissen av Nordøya i landet sitt geografiske senter.

Dei største finansielle institusjonar i New Zealand er delte mellom Wellington og Auckland og nokre av organisasjonane har kontor i begge byane. Wellington vert ofte kalla New Zealand sitt kulturelle senter. Byen har mellom anna film- og teaterindustri i verdsklasse. I tillegg har Wellington nasjonalmuseet (Museum of New Zealand), symfoniorkesteret (New Zealand Symphony Orchestra) og den kongelege newzealandske balletten (Royal New Zealand Ballet).

Den kompakte kjernen til Wellington rommar alt frå kunst og kaféliv til eit formidabelt natteliv sett ut frå byen sin storleik.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Wellington vart namngjeven til ære for Arthur Wellesley, første hertug av Wellington og sigerherre i slaget ved Waterloo. Hertugen sin tittel kjem frå byen Wellington i det engelske grevskapet Somerset.

På maorispråket har Wellington to namn. Te Whanganui-a-Tara viser til hamna i Wellington og tyder «den store hamna til Tara». Det andre namnet Pōneke er ofte utelate fordi mange meiner at det ikkje er noko anna enn ei omskriving av hamna sitt førre namn på engelsk, Port Nicholson. Wellington byråd brukar namnet Pōneke og hevdar at namnet er mykje eldre, at det kjem av og neke som tyder «samlingsstad for natta».

Eit tredje namn som vert brukt når ein talar generelt om den sørlege delen av Nordøya er Te Upoko o te Ika, som tyder «hovudet til fisken» og viser til legenda om at Nordøya er ein enormt stor fisk som vart dregen opp or havet av halvguden Maui.

Som i mange byar strekkjer Wellington sine tettbygde strøk seg godt utom grensene til eit einskild administrasjonsområde. Stor-Wellington eller Wellington Region tyder heile den bymessige delen, pluss delar av områda kjende som Kapiti Coast, og over Rimutaka Range til Wairarapa.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Maoriane som opphavleg busette seg i Wellingtondistriktet, kalla det Te Upoko o te Ika a Maui, som tyder «hovudet til Maui sin fisk». Legenden fortel at Kupe oppdaga og utforska området kring 900-talet.

europeisk busetnad starta med ankomsten av ein fortropp av New Zealand Company på skipet Tory, 20. september 1839, følgd av 150 nybyggjarar ombord på skipet «Aurora» 22. januar 1840. Soga seier at nybyggjarane bygde dei første heimane sine ved «Britannia» (no Petone) i det flate landskapet kring munningen til elva Hutt River, men då dette viste seg å vera både for fuktig og for flaumtruga, flytta dei til eit høgare lende. Wellington har eindel svært bratte gater som går rett oppetter bakkane. (Kan minna om Bergen i Noreg, i så måte.)

Geografi og folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Satellittfoto av Wellingtonregionen. (1) Wellington (2) Lower Hutt (3) Upper Hutt (4) Porirua

Wellington ligg på den sør-vestre spissen av Nordøya ved Cooksundet, havstykket som skil Nord- og Sørøya. På ein klår dag er dei snøkledde Kaikoura Ranges synlege tvers over sundet. Mot nord strekkjer dei gylne strendene til the Kapiti Coast seg. Mot aust deler Rimutaka Range Wellington frå dei vide slettene i Wairarapa, eit vindistrikt som er verdsett over heile verda.

Wellington er den sørlegaste hovudstaden i verda, og ligg ved den 41. breiddegraden. Byen har tettare busetnad enn dei fleste andre byar i New Zealand, på grunn av det avgrensa byggeområdet som er tilgjengeleg mellom hamna og åsane omkring. Etter som byen ligg ved 41. breiddegrad («dei stormfulle førti») og fordi han er utsett for alle vindretningar i Cooksundet, kallar innbyggjarane han for «Windy Wellington».

Meir enn i andre byar er livet i Wellington dominert av det sentrale forretningsstrøket i byen. Om lag 62 000 menneske arbeider i sentrum, berre 4000 færre enn i forretningssentrum av Auckland, sjølv om innbyggjartalet der er tre gonger det til Wellington. Wellington sine kulturelle og nattelivsopplevingar er konsentrerte omkring Courtenay Place i den sørlege delen av sentrum, og gjer slik den indre bydelen Te Aro til den fremste underhaldningsstaden i New Zealand.

Wellington har den høgaste gjennomsnittsinntekta av dei bymessige områda i New Zealand, og den største delen delen menneske med høgare utdanning.

Byen er kjend for den vakre, naturlege hamna si, og dei grøne åssidene smykka med samanvaksne forstader med hus i kolonistil. Byen sitt sentrale forretningsstrøk ligg like ved hamna Lambton Harbour, ein arm av Wellington hamn. Hamna ligg langs ei aktiv forkastingssone som er særleg tydeleg langs den vestlege kystlinja. Landskapet på vestsida av denne stig bratt opp frå havet, og dette gjer at mange av forstadene til Wellington på denne sida ligg mykje høgare enn bykjernen.

Aust for byen ligg Miramar Peninsula (Miramarhalvøya) som er knytt til resten av byen ved ei låg og smal landtunge ved Rongotai, der flyplassen (Wellington International Airport) ligg. Den tronge innseglinga til Wellington ligg like aust for Miramar Peninsula. Her ligg dei farlege, grunne reva Barrett Reef der mange båtar har forlist.

På åsen vest for sentrum ligg Victoria University og Wellington botaniske hage. Ein kan koma seg til båe stader med ein kabelbane.

I hamneområdet til Wellington ligg det tre øyer: Matiu/Somes Island, Makaro/Ward Island og Mokopuna. Berre Matiu/Somes Island er stor nok til busetnad. Øya har vore brukt som karantenestasjon for menneske og dyr, og som interneringsleir under første og andre verdskrigen. No er øya freda og er ein verna tilhaldsstad for trua dyrearter, mykje på same måten som Kapiti Island lenger oppe ved kysten. Det er avgrensa tilgjenge for folk på øya.

Byen har ei årleg gjennomsnittleg nedbørsmengd på 1270 mm.

Jordskjelv[endre | endre wikiteksten]

Wellington vart sterkt skada i ein serie jordskjelv i 1848 og i eit anna jordskjelv i 1855. 1855-skjelvet (wairarapaskjelvet) fann stad i i ei forkastingssone nord eller aust for Wellington. Det rangerer truleg som det sterkaste jordskjelvet i kjend New-Zealandsk historie, med ein estimert styrke på minst 8,2 på Richterskalaen.

Området har høg seismisk aktivitet sjølv etter New Zealand-standard, med ei hovudforkastingssone som går rett gjennom sentrum av byen, og fleire andre i nærleiken. Fleire hundre mindre forkastingssoner er blitt identifiserte innanfor det bymessige området. Innbyggjarane opplever fleire jordskjelv kvart år, noko som er særleg lett å kjenna i dei høge kontorbygga i byen.

Wellington som hovudstad[endre | endre wikiteksten]

Panorama over Wellington med taubanevogn.

Wellington vart offisiell hovudstad i 1865 etter Auckland, som hadde vore hovudstad sidan 1840. Parlamentet kom første gongen saman i Wellington i 1862, men byen vart altså ikkje offisiell hovudstad før nokre år seinare. Truleg var det otte for at dei sørlege regionane (der gullførekomstane var) ville danna ein separat stat, som gjorde at styresmaktene fann det tenleg å flytta hovudstaden sør til Cooksundet som skil Sørøya frå Nordøya. Utsendingar frå Australia (valde av di dei vart sett på som nøytrale), kom fram til at Wellington var ein tenleg stad på grunn av den gode hamna og den sentrale plasseringa. Parlamentet kom første gong offisielt saman i Wellington 26. juli 1865. Folketalet i byen var då 4 900.[2]

Government House, den offisielle residensen til generalguvernøren, ligg like ved Basin Reserve, den best kjende cricketbanen i byen. Den offisielle residensen låg tidlegare der The Beehive, «bikuben», administrasjonsfløyen til New Zealands parlamentsbygningar ligg i dag.

Panoramabilete av Wellington by, sett frå Mount Victoria om kvelden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Subnational population component changes and median age (RC, TA), at 30 June 2018-2023». Statistics New Zealand. Henta 29. desember 2023. 
  2. Phillip Temple: Wellington Yesterday

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Wellington
Reiseguide for Wellington frå Wikivoyage