Telenor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Telenor
Telenor01.jpg
Telenor sitt hovudkontor
Skipa 1855
Type Aksjeselskap
Land Noreg
Hovudkontor Fornebu
Bransje Telekommunikasjon
Produkt Telefoni, breiband
Adm. dir. Jon Fredrik Baksaas
Styreleiar Harald Norvik
Tilsette 27 600 (2005)
Omsetnad 91,077 mrd (2007)
Nettstad www.telenor.no

Telenor (OSE: TEL) er eit norsk teleselskap. Det er ein av dei raskast veksande leverandørane av mobile teletenester i verda. Telenor er også den største leverandøren av fjernsynstenester i Norden. Konsernsjefen i selskapet er Jon Fredrik Baksaas.

Inntekta til selskapet var i 2005 68,9 milliardar. Ved utgangen av 2005 var 27 600 personar tilsette i Telenor. 16 700 av desse arbeidde utanfor Noreg.

[endre] Historie

Telenor vart opphavleg stifta i 1855 som Telegrafverket, det skifta namn til Televerket i 1969 og til Telenor i 1994 då verksemda vart omdanna til eit statleg aksjeselskap. Telenor hadde fram til 1998 monopol på teletenester til private kundar i Noreg. I desember 2000 vart Telenor børsnotert. Jon Fredrik Baksaas overtok stillinga som konsernsjef etter Tormod Hermansen 21. juni 2002.

[endre] Marknadsverdi

22. mai 2006 hadde Telenor ein marknadsverdi på 125 milliardar kroner. Aksjar i selskapet vert handla på Oslo Børs under tickeren TEL.

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk