Temperering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Temperering er eit prinsipp for stemming av musikkinstrument med faste tonehøgder der kompromiss mellom ulike intervall i forhold til reinstemming gjer at instrumentet kan brukast i meir enn éin toneart. Det finst fleire ulike hovudgrupper av temperering:

  • Middeltonetemperering eller middeltonetemperatur er eit system der dei store tersane blir stemde meir eller mindre reine og kvintane tilsvarande tronge i sentrale toneartar. Alle tersar og kvintar det blir temperert etter blir stemte like mykje for tronge. Resultatet er at den tolvte kvinten, som i realiteten blir ein forminska sekst, i utgangspunktet er ubrukande som kvintintervall.
  • Veltemperering eller ulikesvevande temperatur er eit system der store tersar og reine kvintar blir stemde gradvis større di fjernare ein kjem frå C-dur eller F-dur-området i kvintsirkelen. Dei fjernaste kvintane er reine eller lett oversvevande, og alle toneartane er brukande. Ulikesvevande toneartar varierer likevel sterkt i ulike delar av kvintsirkelen, og desse ulikheitene vart kopla mot affektlæra i barokkmusikken.
  • Likesvevande temperering er eit system der alle store tersar og alle kvintar er identisk stemde rundt heile kvintsirkelen. Dermed høyrest alle toneartane i utgangspunktet heilt like ut uavhengig av kvar dei ligg i kvintsirkelen.