Termal ekvator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Termal ekvator eller varmeekvator er ei linje som går rundt jorda mellom punkta med høgast årleg middeltemperatur på kvar lengdegradslinje. Sidan den lokale temperaturen vert påverka av dei geografiske forholda i eit område, og at fjellrekkjer og havstraumar hindrar glatte temperaturgradientar (som ein ville hatt om jorda var heilt glatt og av same overflatematerial overalt) er den termale ekvatoren ganske annleis den geografiske ekvatoren.

Uttrykket blir av og til òg brukt om beltet av maksimumstemperaturar rundt jorda som flyttar seg mellom den nordlege og sørlege vendekretsen, altså området som vanlegvis vert kalla den intertropiske konvergenssona.

Ein annan definisjon seier at den termale ekvatoren er breiddegraden der solinnstrålinga er identisk året gjennom. Dette er ikkje det same som den astronomiske ekvatoren fordi jorda er i perhelion (den minste avstanden til sola) tidleg i januar og i aphelion (størst avstand til sola) tidleg i juli. Derfor er solinnstrålinga litt høgare ved breiddegraden 0 º i januar enn i juli, sjølv høgda til sola midt på dagen, og lengda av dagen (frå soloppgang til solnedgang) om lag er lik. Eit par gradar nord for ekvator er perhelion- og aphelionfaktoren balansert av at solvinkelen vert litt meir direkte og at dagane vert litt lenger ved sommarsolkverv på nordlege halvkule. Dermed vert solinnstrålinga i praksis den same både om «sommaren» og om «vinteren».