The Clements Checklist of Birds of the World
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Clements Checklist of Birds of the World er ei bok som lister opp fugleartane i verda, opphavleg autorisert av Jim Clements. Ho er brukt som ein av fleire autoritative referansar innan taksonomi av fuglar. Boka vert gjeve ut av Cornell University Press og finst i ei sjette utgåve frå 2007. Eldre utgåver kom ut på Ibis Publishing.
Eit føremål med boka har vore å gje fagfolk og lekfolk høve til å følgje med på skiftingane i lista over anerkjende fugleartar i verda og plasseringa i taksonomien. Forlaget publiserer derfor oppdaterte lister ein til to gonger årleg som ei teneste for brukarar av boka.[1]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «The Clements Checklist of Birds of the World» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2008.
Referansar [endre]
- ↑ The Clements Checklist - Updates and corrections Henta 1. desember 2012