Tolvfingertarmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tolvfingertarmen avmerkt på skjematisk teikning av tarmsystemet i mennesket.

Tolvfingertarmen (lat. duodenum) ligg etter magesekken og er den fremste delen av tynntarmen. Tolvfingertarmen er om lag 60 cm lang. Namnet duodenum kjem frå latin «duodenum digitorum», «tolv fingerbreidder». Han strekkjer seg frå pylorus, ein ringmuskel nedst i magesekken og endar ved det treitzke ligamentet. To svært viktige gangar munnar ut i tolvfingertarmen, gallegangen (lat. ductus choledochus) og og utførselsgangen frå bukspyttkjertelen (lat. ductus pancreaticus).

Tolvfingertarmen kan delast i fire delar for beskrivinga sin del. Dei første tre delane dannar til saman ein C. Den første delen av tolvfingertarmen tek til ved pylorus, og har ei utviding (lat. bulbus duodeni) heilt fremst. Han går mot høgre og gjer ein skarp 90-graders sving nedover og utgjer då den andre delen av tarmen. I den andre delen av tolvfingertarmen har gallegangen og bukspyttkjertelgangen ei sams utmunning i ein liten utvokster i tarmveggen (lat. papilla Vateri). Den sams delen av utførselsgangane frå levra og bukspyttkjertelen heiter på latin ductus hepaticopancreaticus. Hjå somme menneske munnar desse to gangane ut separat, men heilt i nærleiken av kvarandre. Tolvfingertarmen gjer så ein ny, skarp 90-graders sving mot venstre og går over i den tredje delen av tarmen. Den fjerde, rette delen går så over i den fremste delen av tynntarmen, jejunum. Nesten heile tolvfingertarmen ligg bak bukhinna som på latin heiter peritoneum. Difor seier ein at tolvfingertarmen ligg retroperitonealt. pH i tolvfingertarmen er 6,0 til 6,5 (svakt sur).

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!