pH

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

pH er eit mål på kor sur eller basisk ei løysing er innan kjemien.

Vanlegvis bruker ein ein pH-skala som går frå 0 til 14, der 7 er nøytral. Det er ein logaritmisk skala. H3O+-konsentrasjonen aukar med ein tiarpotens når pH-verdien minkar med éi eining, to tiarpotensar når pH-verdien minkar med to einingar, osb. Ei løysing med pH-verdi lik 4 inneheld 10^3, det vil seia 1000 gonger fleire H3O+-ion enn ei løysing med pH-verdi lik 7.

Reint vatn har pH lik 7. Alt under 7 i pH vert rekna som syrer/surt, og alt over 7 i pH vert rekna for basisk.

Definisjonen av pH er pH=-\lg{\left[H^+\right]}, der \left[H^+\right] er konsentrasjonen av H^+-ion.

Det skal mikroskopiske mengder syre til for å redusera pH-verdien fra 7 til 6 i reint vatn, altså for å endra (H3O+) fra 10^-7 M til 10^-6. Jo lågare pH-verdien er, jo meir syre treng ein for å endra pH-verdien ei eining.

Forkortinga pH er engelsk for potential of Hydrogen.