Topplokk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sylindertoppen til ein firesylindra firetakts ottomotor, med to ventilar per sylinder (stt frå undrsida).

Topplokket på ein motor stenger av sylindtoppane. Omgrepet topplokk, eller sylindertopp, vert nytta sjølv om sylindrane er plasser horisontalt (som på ein horisontalt plassert rekkjemotor, eller på ein boksarmotor, står på skrå (som på n v-motor, eller heng opp-ned (som på ein stjernemotor).

firetaktsmotorar har topplokket kanalar for tilførsel av innsugingsluft (dieselmotorar) eller luft/gass-blanding (ottomotorar) og innsugings- og utblåsingsventilane er plasserte i topplokket. Totaktsmotorar syg som oftast inn luft/gass-blandinga og bles ut eksosen gjennom opningar i sylinderveggen.

ottomotorar står tennpluggane i topplokket, medan dieselmotorar med direkte innsprøyting har innsprøytingsdysene i topplokket.

På motorar med veskekjøling har topplokket kjølekanalar innvendig, medan det på luftavkjølte motorar har kjøleribber. Topplokket er ein av dei mest kompliserte delane på ein forbrenningsmotor og har stor betydning for eigenskapane til motoren.