Totalrefleksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Totalrefleksjon er ein refleksjon som skjer når lys som treffer grenseflata til eit stoff, ikkje går inn i stoffet, men blir fullt reflektert. Totalrefleksjon kan oppstå når lys går frå eit stoff med høgare til eit stoff med lågare brytingsindeks, til dømes frå glas til luft. Lysstrålane blir då brote frå innfallsloddet, og brytingsvinkelen blir større enn innfallsvinkelen, men han kan ikkje bli større enn 90° (streifande strålar). Den tilsvarande innfallsvinkelen blir kalla grensevinkelen. Ved større innfallsvinkel blir alt lyset kasta tilbake, totalreflektert.

I optiske instrument blir totalrefleksjon nytta frå baksida av eit prisme for å oppnå fullkommen spegling. Brytingsindeksen til eit stoff kan avgjerast ved å måle grensevinkelen for totalrefleksjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]