Trehytte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trehytte for barn.
Trehus som høyrer til Korowai-folket

Trehytter er bygningar som er heva over bakken, og som er bygd i eller rundt eitt eller fleire tre. Trehytter kan verte nytta til leik eller friluftsliv, til bustadføremål eller observasjonsplatform.

Bruk og føremål[endre | endre wikiteksten]

Trehytter gjer det mogleg å byggje øko-venlege hus i fjerne skogstrok, sidan dei ikkje krev fjerning av skog. Ville skapningar, klima og lystilhøve kan gjere bakkenivået i tett skog ueigna for menneskeleg busetjing. tett skog. I nokre delar av tropane vert vanlege bustadhus bygde i trea eller på stolpar for å sleppe unna farar på bakkeplan, eller for å halde folk og matlager unna rovdyr.

Korowai-folket frå Papua Ny-Guinea lever i trehytter. Hyttene er opptil 40 meter over bakken, og er meint som vern mot Citak-folket som lever i same området.[1]

Materialval[endre | endre wikiteksten]

Trehytter kan byggast av mange ulike materiale. Treverk er vanleg i struktuelle deler og kledning, sidan det er stekt, lett og billig. Stål vert ofte brukt til forsterking og til delar som held konstruksjonaen saman. Gjenbruksmateriale vert ofte nytta, både av miljøgrunnar og økonomiske grunnar.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Sidan midt på 90-talet har trehusbygging vorte meir vanleg i mange delar av Europa og i USA.[2] Grunnar til dette er mellom anna betre personleg økonomi, betre byggjeteknologi og auka fokus på miljø og berekraft. Oppsvingen har i sin tur ført til auka etterspurnad etter tenester som har med trehyttebygging å gjere. Det er no over 30 selskap i Europa og USA som spesialiserar seg på trehyttebygging- og design, frå enkle hytter for barn til trehytter med bustadhusstandard.[3]

Byggjeforskrifter[endre | endre wikiteksten]

Mange stader er bygging av trehytter ei gråsone utan klare reglar. Dette kan føre til forvirring og konfliktar mellom styresmaktene og dei som byggjer trehytter.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Head-Hunters Drove Papuan Tribe Into Tree-Houses
  2. Henderson, Paula; Adam Mornement (2005). Treehouses. London, UK: Frances Lincoln Ltd. ss. 7. ISBN 0 7112 2437 4. 
  3. «Commercial treehouse builder list». http://www.thetreehouseguide.com/links-builders.htm. Henta 2007-11-20. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]