Treklang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein treklang er i musikken ein akkord som består av grunntone, ters og kvint. Ein skil mellom durtreklang, molltreklang, forminska treklang og forstørra treklang. Omgrepet treklang kan òg nyttast om ein kombinasjon av tre stemmer eller ein fargepallett som består av tre fargar som passar saman.

Dei fire ulike treklangane i musikk er skildra i tabellen under.

Treklang Består av Døme Symbol
Durtreklang Stor ters Kvint C-E-G C, CM, Cma, Cmaj
Molltreklang Liten ters Kvint C-E-G Cm, C-, c, Cmi, Cmin
Forstørra treklang Stor ters Forstørra kvint C-E-G C+, C+, Caug
Forminska treklang Liten ters Forminska kvint C-E-G♭ Cm(5), C-(5)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]