Troika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Troika er ein sjokolade som Nidar AS lagar og distribuerer.

Produktet vart introdusert i 1939 under namnet «Gelètrøffel». Det blir selt rundt ni millionar Troika-sjokoladar og kring ein million posar med Troika-bitar kvart år i Noreg.

Sjokoladen Troika bli laga ved at ein tynn marsipanleiv blir dekt over av flytande trøffel, som igjen blir dekt over av bringebærgelé. Desse tre laga blir så kutta opp i rett storleik før dei blir dekte med mørk sjokolade.

Namnet «Troika» kjem frå russisk og tyder trespann, ei gruppe på tre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]