Trojanske jupitertrojanar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg lista over dei greske jupitertrojanane.

Dette er ei liste over dei trojanske jupitertrojanane som går i bane rundt Sola i det bakre L5 lagrangepunktet til Jupiter i same banen som planeten. Dei har soleis same omløpstid som han.

Alle asteroidane i dette punktet har fått namn frå den trojanske sida i trojanarkrigen. Unntaket er 617 Patroclus som fekk namnet sitt før denne namnekonvensjonen trådde i kraft. På same måte har 624 Hektor fått eit trojansk namn sjølv om han ligg i det greske L4 lagrangepunktet.