Trommemaskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein trommemaskin frå Yamaha.

Ein trommemaskin eller rytmeboks er eit elektronisk musikkinstrument som er laga for å imitere trommelydar og andre slagverk. Trommemaskinar vert nytta innanfor fleire musikksjangrar, og ikkje berre elektronisk musikk. Trommemaskinar blir hyppig brukt av einmannsprosjekt eller musikkgrupper som ikkje har eigen trommeslagar eller høve til å leige inn ein studiomusikar.

Omgrepet rytmeboks vert gjerne nytta om trommemaskinar som er innebygd i eit anna instrument, t.d. eit orgel, men kan òg nyttast om frittståande trommemaskinar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]