Tryg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tryg A/S, tidlegare TrygVesta, er eit nordisk skadeforsikringsselskap. Selskapet er ein filial av det danske selskapet Tryg forsikring A/S som er eigd av Tryg A/S som er notert på C20-lista ved Nasdaq OMX København (tidl. Københavns fondsbørs). Tryg i Noreg er ei vidareføring av Vesta forsikring som hadde hovudkontor i Bergen.

Tryg har om lag 1500 tilsette i Noreg, over halvparten av desse i Fyllingsdalen i Bergen. Konsernsjef for Tryg er danske Morten Hübbe medan Truls Holm-Olsen er landssjef for Noreg.

Tryg er det tredje største skadeforsikringsselskapet i Noreg med ein marknadsandel på 17,1 prosent ved utgangen av 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]