Trykkefridom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trykkefridom i verda i 2006 ifylgje Reportere uten grenser. Raude og oransje fargar syner land med streng pressesensur, medan land merkte med grønt og blått har større ytringsfridom for aviser, bøker og magasin.

Trykkefridom er ein del av ytringsfridomen og inneber rett til å trykkja og spreia informasjon og oppfatningar fritt. Trykkefridom er ein av dei grunnleggjande eigenskapane i demokratiet. Kvar innbyggjar i ein stat der trykkefridomen rår har rett til å spreia meiningane sine i pressa, så lenge dei ikkje bryt nokon annan lov som avgrensar trykkefridomen. Trykkefridomen får likevel ikkje innskrenkast meir enn kva som krevst for å verna om andre rettar, ifylgje dei demokratiske prinsippa.

3. mai kvart år vert den Internasjonale dagen for pressefridom feira, stifta av FN.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]