Tsjukotko-kamtsjatkiske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over utbreiinga til dei tsjukotko-kamtsjatkiske språka

Tsjukotko-kamtsjatkiske språk er ein språkfamilie i det nordaustlege hjørnet av Sibir, mot Beringstredet. Familien består av to språkgreiner, tsjuktsjisk og kamtsjatisk. Det var tidlegare fleire kamsjatiske språk, berre eitt, itelmensk, har talarar i dag.

Tsjuktsjisk og itelmensk blir ofte, i lag med fleire andre austsibirske språk, referert til som paleosibirske språk. Dette er ikkje ein språkfamilie i eigentleg forstand, i og med at ingen har vore i stand til å vise til genetisk slektskap mellom desse språka. Dei paleosibirske språka er dermed rett og slett dei (attlevande) urfolksspråka i dette området.

Det er ganske stor språkleg avstand mellom tsjuktsjisk og itelmensk.


Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Fortescue, Michael. 2005. Comparative Chukotko–Kamchatkan Dictionary. Trends in Linguistics 23. Berlin: Mouton de Gruyter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]