Tuk-tuk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tuk-tukar i Chiang Mai som fraktar kundar til kveldsmarknaden.

Ein tuk-tuk (ตุ๊กตุ๊ก eller ตุ๊กๆ på thai) er Thailand sin versjon av ein motorisert rickshaw, og er ein utbreidd form for transport i Bangkok og andre byar i Thailand. Tuk-tuken består av ei tinn- eller jarn-ramme på tre små hjul (eitt framme og to bak), eitt sete for sjåføren framme og eitt sete for tre passasjerar bak.

Ein tuk-tuk er normalt utstyrt med ein motorsykkelversjon av ein to-taktars motor med same styret som på ein motorsykkel. Transportmiddelet har fått namnet sitt etter den karakteristiske lyden motoren lagar. Tuk-tuk er eit effektivt transportmiddel, særleg i tung trafikk.

Ein tuk-tuk er å sjå i filmen The Beach med Leonardo DiCaprio. Ong Bak med Tony Jaa har ei biljakt-scene med fleire tuk-tukar. Tuk-tukar har også ei rolle i Playstation 2-spelet Stuntman. Under finalen i Miss Universe 2005 i Bangkok vart Nancy O'Dell frakta på scena i ein tuk-tuk.